Byggjer ny fôrbåt til 140 millionar

VEST24 februar 2015

HR manager Rune Førde (t.v.) og driftsleiar Thomas Lekva driftar no ein flåte på fem fiskefôrbåtar frå kontorlokale på Øyrane i Førde. Snart kan bildet av ein sjette båt få plass på veggen. Foto: Sigurd Løseth FOTO: SIGURD LØSETH

No har Oro Shipping AS bestilt ein ny kombibåt som skal gå i frakt for fiskefôrfabrikken EWOS i Florø. Båten skal byggast i Holland, til ein pris på 140 millionar kroner, skriv Firda.

– Vi rir vidare på suksessen med kombikonseptet, seier fraktebåtreiaren Ove Vilnes til avisa.

Artic Junior
Bak Oro Shipping står Rune Førde, Thomas Lekva og Artic Group AS ved Ove Vilnes. Dei oppretta selskapet i 2011 og kjøpte fôrbåten Artic Senior for 20 millionar.
No vil selskapet altså utvide flåten ved å kontrahere eit nybygg som får namnet Artic Junior – men junior berre i namnet. Den nye båten vert 70 meter lang, mot senior sine 48 meter.
Med nykontraheringa vil Artic Group sitte med ein flåte på seks fôrbåtar i frakt for EWOS på norskekysten. Talet på tilsette vil auke med 12 til vel 70, av desse 10 faste lærlingar og ein administrasjon i Førde på fem personar.

Inneverande år vil omsetninga komme opp i 130 millionar.

Les hele artikkelen på VEST 24