Ove Vilnes vil etablere landbasert oppdrettsanlegg på Atløy

Firda 16. mai 2021

Den tidlegare Artic Shipping-eigaren har nytt jern i elden: Landbasert lakseoppdrett på Atløy. No har han fått Askvoll-politikarane si «velsigning».

– Vi er ivrige på å komme i gang, seier Vilnes.

Han har allereie tomta klar, i form av 8000 ferdig planerte kvadratmeter i ei vik sørvest på øya. På tomta driv han frå før båthotell og verkstad gjennom bedrifta Atløy Båt & Marina AS.

Formannskapet i Askvoll kommune har sagt ja til prosjektet under eit møte måndag.

Vilnes reknar med at bygginga av anlegget vil koste 200–250 millionar kroner. Ettersom tomta allereie er klargjort, vil bygginga krevje få inngrep og ingen sprenging, ifølge Vilnes.

Han har hyra inn bedrifta Rådgivende Biologer AS til å skrive ein rapport om kva konsekvensar anlegget vil ha for omgivnadene.

Les artikkelen i firda.no