Statsforvaltaren sa ingenting på planane til Ove Vilnes

Firda 22. juni 2021

Fekk grønt lys av kommunen, og ingen klage frå Statsforvaltaren. Med det er den tidlegare Artic Shipping-gründeren eit viktig steg nærmare å bygge landbasert oppdrettsanlegg til fleire hundre millionar på Atløy.

– No kan vi berre gi gass vidare, seier Vilnes.

På ei 8000 kvadratmeter stor tomt på Atløy planlegg han å bygge eit landbasert oppdrettsanlegg for laks. Grunnen er ferdig planert og Vilnes er budd på å bla opp 200–250 millionar kroner til prosjektet.

Familien hans eig tomta, der dei har drive familiebedrifta Atløy Båt & Marina i fleire år. Dei driv mellom anna båthotell og båtverkstad.

Les heile artikkelen i Firda