Ingen protesterte på Ove Vilnes sine oppdrettsplanar

Firda 16. oktober 2022

Atløy Båt og Marina - articgroup.no

Ove Vilnes har, gjennom familiebedrifta Atløy Båt & Marina, søkt om løyve til å drive landbasert oppdrett. Då søknaden var ute på offentleg ettersyn, var det ingen som kom med merknader.

– Folk har berre vore positive, både innbyggarar, kommunen og offentlege instansar, seier Ove Vilnes, som tidlegare har vore skipsreiar og gründer bak reiarbedrifta Artic Shipping.

I ei vik sørvest på Atløy ligg familieeigedommen som han vil forvandle til landbasert oppdrettsanlegg. Men først treng han konsesjon, rett og slett eit løyve til å drive oppdrett.

Vilnes søkte om dette tidlegare i sommar. I fleire veker låg søknaden ute på offentleg ettersyn, som betyr at privatpersonar, bedrifter eller offentlege instansar kan klage eller kome med merknader på prosjektet.

Håpar på konsesjon før jul

Ifølge eit brev frå Askvoll kommune er det ikkje kome inn nokon merknader. Kommunen tilrår derfor at Vilnes får løyvet, og sender saka vidare til Vestland fylkeskommune. Det er dei som skal gjere den siste handsaminga av søknaden, før Vilnes får eit svar.

– Eg håpar å få svar før jul, seier han.

Les artikkelen i Firda.no